Materiallager
Eitt av to lagerskur for ferdig skoren material.
Veum Sag A/S starta opp med produkshjon i februar 2000. Vi held til ca 1 mil nord for Fyresdal sentrum, på Veum industri-område.
Vi har investert i ny Kara sag og har pr i dag eit av landets mest moderne småsagbruk. Sirkelsaga er spesialbygd for saging av grove dimensjonar og lange lengder. Vår produksjon er for det meste lafteplank, villmarkskledning, alt i grove dimensjonar og breie kledningsbord.
Vi har ein fleksibel produksjon og kan skaffe det meste i ru materiale på kort tid. Vi set strenge krav til kvalitet på våre leveransar ut frå tomt. Vi prøvar og til ein kvar tid å leggje prisane våre slik at vi skal vere konkurransedyktige. Vi tek alle kundar seriøst og håpar på mange hendvendelsar.
Det er fire eigerar og ansatte på Veum Sag AS. Vi har lang og allsidig fartstid i trebransjen.
Våre åpningstider er 07.30 - 16.30.
Det er mogleg å ringje utanom åpningstidene.
Er du i tillegg ute etter nokon som kan byggje for deg på gamlemåten, kan me formidle kontakt med Haugs Håndlaft, som held til vegg i vegg med oss.